9-13.08.27: Pilegrimsvandring, Egersund - Stavanger

9-13.08.27: Pilegrimsvandring, Egersund - Stavanger


Kystpilegrimsleia over Jæren

 

KYSTPILEGRIMSLEIA OVER JÆREN – NOKO FOR DEG?
Sommaren 2027 inviterer vi til pilegrimsvandring på Kystpilegrimsleia frå Egersund til Stavanger.
Velkommen til å vandra saman med oss på denne eventyrlege kyststrekninga!



Tid:    Måndag 9. august til fredag 13. august 2027 
Stad:  Vandring frå Egersund til Stavanger
Pris:   Overnatting i dobbeltrom kr. .....
           Overnatting i enkeltrom kr. .....

Vandringa startar frå Egersund kirke måndag morgon og endar opp i Stavanger domkirke fredag ettermiddag. Vi planlegg tre overnattingar på leirstaden Ognatun. Der får du oppreidd seng, frukost, matpakke og middag. Siste kveld og siste overnatting blir på Sola Strand Hotell før me vandrar mot pilegrimsmålet vårt, Stavanger domkirke.

Vi blir frakta fram og tilbake til Ognatun. Bagasjen blir også frakta, slik at du berre treng ein dagstursekk til sjølve vandringane.

Gode tursko og vanleg god helse er viktig. Opplevinga blir betre og stega lettare med god oppkøyring.

Dagsetappane er i gjennomsnitt 20 kilometer lange.

Langs pilegrimsleia over Jæren ligg fleire middelalderkyrkjer; Ogna kyrkje, Orre gamle kyrkje og Sola ruinkirke, i tillegg til den 400 år gamle Egersund kirke, Varhaug gamle kyrkjegard og pilegrimsmålet Stavanger Domkirke.

Vi ferdast langs kysten og går på sand og stiar, gras, grus og litt asfalt, og passerer blant anna Friluftsfyret Kvassheim, Obrestad fyr, Hå gamle prestegard og Friluftshuset på Orre. I løpet av dagen har vi tidebøner og samling om kvelden med blant anna oppsummering av dagen. Vi får godt høve til å bli kjende med kvarandre, men nokre etappar kvar dag vil skje i stille og ettertanke.

Vandringsleiarar er Olav Tangen, Solveig Braut Tjelle og Øyvind Tjelle.

Velkommen til å vera med oss på vandring!

Har du spørsmål, kontakt:
Olav Tangen - mob. 913 31 708/ olavtangen@gmail.com
Solveig Braut Tjelle - mob. 911 51 070/ st268@kirken.no
eller
Øyvind Tjelle - mob. 901 49 181/ otjelle@gmail.com 
 

PÅMELDINGS LENKE KOMMER SENERE.

 

Tilbake


Del denne artikkelen på e-post