17.-21. september: Pilegrimsreise til Paris

17.-21. september: Pilegrimsreise til Paris

17.-21. september: Pilegrimsreise til Paris

 

Bli med på pilegrimsreise til Paris!

 

Påmelding sender du til arvid@utsteinpilegrimsgard.no

 

Vi har totalt 15 plasser. Ved utgangen av 2019 er det 7 ledige plasser. Vær derfor snar med å reservere din plass på denne turen.  

 

Kvifor Paris?

 

  • PARIS OG Frankrike har ei lang og viktig kristen historie
  • Paris er eit viktig pilegrimsmål
  • Paris eit viktig teologisk og sekulært lærdomssete
  • Mangfoldige Paris: her kan du oppleva katolsk, protestantisk og jødisk tru.
  • Kulturbyen Paris: Byen er full av kunst og kultur
  • Smak Paris: Også maten er verdt å prøva

     

Paris og Frankrike har ei lang og viktig kristen historie

 

  • Gammal: Sør-Frankrike fekk sitt første bispesete alt på 100-talet (Lyon, med den kjende biskop Ireneus), som saman med mange andre blei martyr i 177.
  • Åndeleg kraft: Paris blei senter for kristen tru i tidleg middelalder, etter at frankerkongen Remigius blei døypt i 496, og tok namnet Clovis 1. Han skapte det kristne nasjonen Frankrike.
  • I år 800 kronte pave Leo III franskekongen Karl den store til keisar over Det heilage romerske riket – og etablerte Frankrikes sentrale plass i den romerske kyrkja.
  • Lærdomssete og inspirasjon: Paris blei det sentrale lærdomssete for kristen tru i høgmiddelalderen, og er byen for Europas andre universitet (Sorbonne). Saman med Bologna, blei Sorbonne modellen for utviklinga av alle Europas universitet.

     

Paris som pilegrimsmål: Byen har ei rekke pilegrimskyrkjer og –stader. Vi skal besøka.

 

  • Notre Dame, katedralen frå 1100-talet, som har spelt ei sentral rolle i Europas kristne tradisjon. Kyrkja har ikkje blitt mindre viktig etter brannen i 2018. Vi skal sjå kyrkja utanfrå, og å læra om om kva rolle kyrkja har spelt gjennom historia, ved ein av Frankrikes lærde menn.
  • Sacre Ceur på Montmartre (Det heilage hjartas kyrkje, på martyrhøgda). Kyrkja er bygd på 1900-talet, men på ein plass som med kristen historie langt tilbake. Like ved ligg ei middelalderkyrkje som vi og skal besøka.
  • Rue de Bac (ferjegata), er eit ynda pilegrimsmål etter at Maria openbarte seg for noen pilegrimar her.
  • Gudsteneste i sentral Paris-kyrkje søndag formiddag.

 

Det religiøst mangfoldige Paris:

Protestantisme: Det finst ei ganske stor protestantisk (luthersk/reformert) kyrkje i Frankrike. Reformasjonen i Frankrike har ei kronglete historie. Den blei i visse miljø ønskt velkommen (til forskjell frå i Norge). Deretter fulgte overgrep og krigar, der ingen var uskuldige. Mange protestantar drog til Nederland og deretter til USA. Ediktet i Nantes (1685) garanterte protestantane sine rettar, men ediktet blei dels oppheva, og først gjeninnført i 1784. Då hadde prosessen som førte til Den franske revolusjonen, alt starta.

Vi skal møta ein representant for det protestantiske Frankrike, presten …

Det jødiske Frankrike: Frankrike har spelt ei sentral rolle i jødedommens historie i Europa. Vi går innom Shoar (Holocaustmuseet) og om tida rekk, det jødiske museet.

 

Kultur- og matbyen Paris

Vi skal også ta med oss kulturopplevingar, og besøka både eit kunstmuseum, og spisa god fransk mat med Søster Ragnhild som erfaren guide.

 

Tidsramme og økonomi

 

Vi reiser den torsdag 17. september 2020, med retur mandag 21. september.

Pris for turen er kr 9900. Det inkluderer reise, overnatting, frokost alle dagar, og middag (midt på dagen) fredag, lørdag og søndag; inngangsbillettar til muséer og kyrkjer og lokal transport.

Vi skal bu på eit katolsk senter med enkel men med god kvalitet, der vi også får frokost (enkelt- eller dobbeltrom?).

 

Dagsprogram

 

Felles formiddagssesjon frå kl 0900 til 1300.

Middag kl 1300 – 1500.

Ettermiddagsprogram kl. 1500 – 1700, fri søndag ettermiddag. (Det er ikkje søndagsstengt i Paris).

 

Planlagde besøksmål

 

Fredag: Sacre Ceur og Montmartre, Rue de Bac. Det protestantiske Paris.

Lørdag: Notre Dâme, foredrag ved Gilles Drouin; Det jødiske Paris, Shoar.

Søndag: Gudsteneste i sentrumskyrkje, Søndag ettermiddag og kveld: fritid.

Detaljert program vil komma.

Det er begrensa plass på turen. Meld deg tidleg! Ved påmelding får du ein giro med eit påmeldingsgebyr på kr 2000. Det får du ikkje returnert om du skulle ombestemma deg.

 

Reiseleiarar er: Arvid K. Kaspersen, Kjetil Aano og S. Ragnhild Bjelland

 

Forbehold: Vi bestiller flyreise når vi har nok deltakere til reisen. Du/dere vil bli holdt orientert om eventuelle justeringer som følge av flypriser/flytider.


Del denne artikkel på e-post