Folk på Pilegrimsgarden: Styreleiar Kjetil Aano

Folk på Pilegrimsgarden: Styreleiar Kjetil Aano

Folk på Pilegrimsgarden: Styreleiar Kjetil Aano

 

Pilegrimsgarden

-eit kraftsentrum

 

 

Navn: Kjetil Aano

Bur: Hafrsfjord

Aktuell: Styreleiar ved Utstein Pilegrimsgard

 

Han budde i California studieåret 1967/68 og var tett på skilsetjande hendingar i historia. Martin Luther King jr. vart skoten og Robert Kennedy vart drepen berre to månader seinare.

 

Av Reidun Gudmestad

 

Det siste skjedde mest  i nabolaget der Aano budde.

Året starta med raseopptøyer og at hippie-rørsla slo rot i San Fransisco. Ja, hendingane utvekslingsåret i USA sette djupe spor i historia, og i unge Aano.

 

Ny styreleiar

Dette er likevel berre litt av bagasjen til Kjetil Aano, den nye styreleiaren for Utstein pilegrimsgard. Det vervet har han nemleg tatt på seg etter eit liv med stort engasjement i kyrkje og misjon. For eitt år sidan vart han pensjonist, og nyleg runda han 70.

Den nye statusen gjer at han har betre tid enn nokon gong til å ta seg av verva han har, fortel han. Han er også styreleiar i Kirkens Nødhjelp.

 

Kraftsentrum

Han ser på pilegrimsgarden som eit kraftsentrum for kristenlivet i Rogaland, og trur det berre vil bli viktigare etter kvart. 

I sju og eit halvt år før han vart pensjonist, var Kjetil Aano prost i Tungenes prosti der Utstein pilegrimsgard ligg.

Eg møtte idealistiske personar der som gjorde ein stor innsats, tilsette og frivillige. Eg tenkte ofte at eg burde gjort meir for pilegrimsgarden. Det er ein av grunnane til at eg har teke på meg vervet som styreleiar no.

 

Rikhaldig CV

Den tidlegare prosten har også vore misjonær på Madagaskar, redaktør for Det norske Misjonsselskap sitt magasin Misjonstidende og også toppleiar, generalsekretær i organisasjonen. Han har hatt verv som leiar for Mellomkirkelig råd og har representert Den norske kyrkja i Kirkenes Verdensråd.

No har han altså starta ein heilt ny fase i livet, og me møter han heime, heilt nede ved Hafrsfjord der utsikten stadig drar blikket utover.

 

Samanheng

Aano fortel at han ser ein naturleg samanheng mellom det han har opplevd i yrkeslivet sitt til hans noverande engasjement for pilegrimsgarden. Det er ei heilt naturleg fortsetjing.

Eg arbeidde i misjonen i 30 år, og i menighet og kyrkje i ti år. Det er veldig spennande å sjå at det går ei linje mellom misjonsrørsla til retreat- og pilegrimsrørsla.

Pilegrimane gav seg på veg ut i det ukjende i tillit til at Gud ville leia dei.

Utsendingane i misjonen gjorde det same. Misjonen sende folk ut i den same farlege verda. Begge vandra i tru utan å vita kva som ville møta dei.

Alle som er engasjerte i misjon vil dessutan møta menneske med ei anna tru enn den dei har sjølv. Det gir dei ofte eit brutalt møte med seg sjølv. Ein vert utfordra. Eit retreat er etter mitt syn ei svært god hjelp til å finna fram til basisen den einskilde sjølv vil stå på og vil ta vare på i møte med andre kulturar og andre livssyn.

 

Balanse

Kva trur du om framtida for pilegrimsgarden?

Utstein pilegrimsgard møter eit behov. Retreata inviterer til ein balanse mellom stillhet og aktivitet som er viktig. Det skjer alt svært mykje der i dette skjæringspunktet. Dessutan er mange flinke folk engasjerte, seier han og nemner ei rekke namn.  Dei som starta opp, la eit svært godt grunnlag. Dei som fører det vidare, går i same gode tradisjon. Det som blir ei utfordring no er å finna den gode balansen vidare mellom alt som er ønska og kapasiteten.

Eit kjenneteikn ved retreatrørsla, er også at den legg vekt på det estetiske, det enkle og vakre. Slik er det også på Utstein pilegrimsgard. Dei som har bygt opp senteret har gjort det til ein vakker, god stad å koma. Det må takast vare på.

 

Ordna køen

Han meiner at staden alt er eit åndelig kraftsentrum, og trur at det berre vil utvikla seg.

Eg vonar at det vil vera ein stad for fornying og rekreasjon, også for dei som er i aktiv teneste i kyrkja.

Aano trur ikkje plent at løysinga er å bli så store.

Arbeidet for å få kjøpt Utstein kloster skule og etablera eit senter der starta i 2002. Det har blitt bygt opp gradvis.

No ser det verkeleg ut til å ha løysna. -Ei av oppgåvene framover trur eg blir å organisera køen på ein god måte, seier styreleiaren.

 

Rolle i endra samfunn

Og det var ikkje berre i 1968 at store samfunnsendringer var på gang.

Som prest i den norske kyrkja har eg stått i ein tradisjon der kristendommen lenge har dominert forståinga av virkeligheten. No har den ikkje same plassen i samfunnet lenger. Når slike endringar skjer, må kyrkja sjå seg om etter nye arbeidsmetoder. Då vert både liturgisk mangfald og variasjon i arbeidsmåtar viktig. Eg trur Utstein pilegrimsgard har potensiale til å vera ein reiskap i kommunikasjonen med andre menneske enn dei kyrkja når til vanleg. Eg håper at møte med pilegrimsgarden kan hjelpa folk å stiga over ein terskel som dei før kan ha opplevd som høg, seier styreleiaren.

 

Faktaboks:

Kjetil Aano er fødd  i 1949.

Han budde i Sand i Ryfylke til han var ti, og så fire år i Tanzania.

Han har mellom anna vore misjonær for Det norske Misjonsselskap  (NMS) på Madagaskar i ti år, redaktør for Misjonstidende, generalsekretær i  NMS i 11 år og prost i Tungenes prosti i vel sju år.

Han har vore leiar for Mellomkirkelig råd, representert Den norske kyrkja i  Kirkenes Verdensråd, og vore medlem av sentralkomiteen der.

No er han pensjonist og styreleiar i Kirkens Nødhjelp og Utstein Pilegrimsgard

 


Del denne artikkel på e-post