Folk på Pilegrimsgarden: Gunhild Andersen

Folk på Pilegrimsgarden: Gunhild Andersen

Folk på Pilegrimsgarden: Gunhild Andersen

 

- Retreat er ingen egotripp

 

Namn: Gunhild Andersen

Bur: Nærbø

Oppvekst: Vestre Sandøya utanfor Tvedestrand.

Fødd: 1952

 

Av Reidun Gudmestad

 

- Retreat er ingen egotripp eller eit sjølvrealiseringskurs. Det er ikkje eit feel-good-opplegg. Det handlar om å få ein djupare relasjon til Gud. Det fører igjen til engasjement for medmenneske og samfunn, seier Gunhild Andersen.

 

Me kan kanskje kalla henne retreatprest? Ho søkte i alle fall om å bli ordinert til prest blant anna for enkelt å kunna forretta nattverd på Utstein pilegrimsgard.

Gunhild Andersen treffer du nemleg ofte der. Der er det særleg dei ignitianske retreatane og åndeleg veiledning som ligg hjarta hennar nær. På stille onsdager deltek ho også gjerne.

Så enten du går på kurs i åndelig veiledning eller du er på ein stille onsdag eller på ignitianske lang retreat med veiledning  på pilegrimsgarden, så er gjerne ho ei av dei som har ansvaret.

- Eg har funne noko der sjølv som eg gjerne vil gi vidare. Ein stadig veksande frihet, seier ho.

 

Viktig stillhet

For hennar eigen del vart slike stille periodar svært viktige for vegen vidare. Alt første gong eg deltok, skjedde det mykje med meg, og prosessen heldt fram etterpå. Lenge. Heilt til no. Ho trur desse tilboda vert viktige framover.

- Eg trur dette er ein veg til fornying i kyrkja. Den har eg lyst å vera med å formidla vidare. Eg har tru på ein stille revolusjon og fornying som eg gjerne vil vera en del av.

Og det er fleire og fleire som får augo opp for det same, fortel ho. Det blir arrangert ignitianske retreat rundt om i landet, og mange deltek. Også presteforeninga har hatt videreutdanningskurs i åndelig veiledning.

Det er kombinasjonen av stillhet og åndelig veiledning som gjer noko med menneske, opplever ho. Å vera stille så lenge skjerper oppmerksomheten og øyra for Gud og oss sjølv.

Åndelig veiledning er samtalar der fokus er relasjonen til Gud, spørsmålet er kva du lengtar etter, kva som driv deg. Samtalen er ein stad å sortera det som kjem opp i stillheten. På ein måte handler det om å få hovudet ned i hjartet. Ignitiansk (stille) retreat varer gjerne ti dagar og det er tilbod om åndeleg veiledning kvar dag.

Ho trur at fleire og fleire vil ønskja å erfara krafta og endringa som ligg i dette.

- Men dette er ikkje noko det kan gjerast vedtak om. Det må veksa fram. Det er ein av fleire vegar å gå.  Om det er mange eller få som finn denne vegen, er ikkje så interessant. Dette handlar om enkeltmenneske.

 

Lærar, diakon, prest

Ho gjekk av som diakon i Hinna menighet då ho var 62 år, for å kunna arbeida meir med retreat på pilegrimsgarden.

Yrkeslivet sitt starta ho som lærar i Nord-Norge, etter lærarskulen i Tromsø. Tidleg på 1980-talet begynte ho som studentsekretær i det som då var Landslaget for kristen skole, no Kristent Pedagogisk Forum.

På den tida hadde ho funne ut at ho likte best å arbeida med litt eldre ungdommar og vaksne, og ville studera vidare.

Det vart kristendomsstudiar med tanke på å undervisa på lærarskule. Hovudoppgåva skreiv ho om Teleios-rørsla. Det førte til eit 15 månaders studieopphald i USA i 1989 og 90, blant anna i ved Wartburg Theological Seminary i Iowa og på PKU kurs i Des Moines. Det  var i løpet av denne tida i USA at ho kom i kontakt med retreatrørsla og fekk viktige impulser frå den.

Ho prøvde seg så som prestevikar og lærar på lærarskulen i Tromsø før ho vart spurt om å koma til Acta bibelskole i Stavanger. Ho var der i sju år og var med i oppbyggingsfasen.

Vegen gjekk vidare til Gå Ut-senteret i Hurdal før ho var tilbake i Stavanger som diakon i Hinna menighet. Der arbeidde ho i 13 år før ho gjekk av med pensjon.

 

Søkte kunnskap

Frå tidleg på 1990-talet og fram til i dag har ho skaffa seg kunnskap om og erfaring med retreat og åndelig veiledning. Det har ho blant anna gjort med å delta på Sandomstiftelsen sitt toårige program, kalla retreatlederskole. Ein annan kjent retreatstad i Norge, Lia Gård  har eit opplæringsprogram i åndelig veiledning etter inspirasjon frå og kontakt med den anglikanske presten Lister Tonge. Ho var med på den første verkstaden i åndelig veiledning der.

Ho har også vore på fleire lange retreat ved St.Beuno’s Spirituality Senter i Wales, eit program over 4 uker der dei gjer øvelsar etter ignitiansk tradisjon.

I 1995 var ho med å starta Retreat i Rogaland og har vore aktiv med å leia retreat.

Som pensjonist var ho altså klar for større innsats på feltet.

Kven tenkjer du eigentleg at stille retreat passar for?

- Eg trur i utgangspunktet det passar for alle, men stillhet er krevande, og det er nok viktig at deltakarane er i psykisk balanse. De kan vera lurt å prøva ein kortare retreat på to-tre dagar først for å kjenna om det er noko for deg. Men eg tenkjer at lengsel etter å vera med er ein viktig motivasjon.

 

Engasjement for asylsøkjarar

Gunhild Andersen har også hatt og har eit stort engasjementet for papirlause flyktningar. Ho leiar organisasjonen Rettferdighet i asylpolitikken, og har særleg engasjert seg for einslege kvinner som er oppi åra og som fell mellom alle stolane i asylpolitikken. Dei vert gjerne verande årevis rundt på asylmottaka.

- For meg er dette engasjementet berre ei anna side av den same saka som eg arbeider for på pilegrimsgarden, seier Gunhild Andersen.

 

Ignitiansk retreat:

  • Retreat i ignatiansk tradisjon er prega av stillhet, ettertanke og veiledning.
  • Ignatius av Loyola (1491-1556) lærte gjennom erfaring at følelsar, tankar og indre stemningar kan vera viktige vegvisarar til ein djupare relasjon til Gud.

 


Del denne artikkel på e-post