18. mai 2012

Nyheter
Minimer

Mi erfaring av retreat

Forfatter: Reidun Kyllingstad | Opprettet: 19.08.2011 | Visninger: 296

Stillhet er for meg ei slags øving, ein læreprosess. Eg er i startfasa av å læra meg å stilla meg slik at eg kan bli møtt og sett av ein personleg, kravlaus Gud, der eg kan få konsentrera meg om øyeblikket. Sjølv om sinnet mitt ofte kan vera prega av kaos og bråk, veit eg at uavhengig av tilstanden min har Gud alltid "knappen på".

Eg er til eikvar tid invitert til å få kvila i ei ordlaus stillhet, der eg kan få pusta, og sleppa å tenkja framover. Det er ein stad der eg kan øva meg i å lytta til Guds ord og mitt eige indre. Dei små erfaringane eg har gjort meg med stillhet hjelpte meg til å møta stormane då me sommaren 2005 miste den 23 år gamle dottera vår, som fall utfor eit stup på ein fjelltur. Eg greidde ikkje anna enn å seia fram : Kjære Gud, hjelp meg,- frå det eine øyeblikket til det andre. Då fekk eg i sanning erfara å bli møtt.

Retreat er ein av dei plassane der eg har fått øva meg i stillhet. Det første møtet mitt med retreat opplevde eg som overveldande. Eg var venta, fekk pesialbehandling, akkurat som om dei kjende meg og behova mine før eg kom. Alt verka skreddarsydd: Lappen på døra, rommet, fargane, musikken. Noko slikt tenkte eg kunne berre opplevast ein gong, men dei to andre gongene er har reist har eg igjen erfart å bli møtt med dei behova eg hadde.

Eg skulle så gjerne ønska at andre også fekk oppleva liknande!

Halldis Nessa
fra Nessa i Hjelmeland kommune
lærar

Print Bookmark and Share

Tilbake

  

Uttalelse om privatliv  |  Betingelser for bruk
© 2011 Utstein pilegrimsgard - Powered by Agrando AS